1 Når Herren din Gud gjev dei i di makt, så du vinn over dei, skal du slå dei med bann. Du må ikkje gjera noka pakt med dei og ikkje visa dei nåde.
3Herren din Gud skal jamvel senda ein bisverm over dei, heilt til alle som er att eller har gøymt seg for deg, har gått til grunne.
21Lat deg ikkje skremma av dei, for Herren din Gud er hos deg, ein Gud som er stor og vekkjer frykt.
222 Mos 23,29fSmått om senn skal Herren din Gud driva desse folkeslaga ut for deg. Du kan ikkje gjera ende på dei med ein gong, for då kunne villdyra bli for mange for deg.
23Herren din Gud skal gje folka over til deg og spreia stor forvirring blant dei, til dei er utrydda.
24Jos 10,23–27; 11,12; 12,7–24Han skal gje kongane deira i dine hender, og du skal utsletta namna deira under himmelen. Ingen skal kunna stå seg mot deg til du har utrydda dei.
25 Jos 7,20–26 Gudebileta deira skal de brenna opp. Bli ikkje freista til å ta sølvet og gullet som er på dei og ha det for dykk sjølve. Då blir du fanga i ei felle, for det er avskyeleg for Herren din Gud.
2613,17; Jos 7,11–15Lat ikkje dette avskyelege koma inn i huset ditt; då blir du bannlyst liksom det. Du skal inderleg avsky det og halda det for avskyeleg, for det er bannlyst.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.