1. Kongebok 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Salomo førebur tempelbygginga

1 Sei no frå til folka dine at dei skal hogga sedertre til meg frå Libanon. Så skal mine folk arbeida med dine folk, og løna til folka dine vil eg gje deg etter ditt eige ord. For du veit at det finst ingen hos oss som skjønar seg så vel på å hogga tre som sidonarane.»

7 Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende Salomo til Hiram år etter år.

12 Herren gav Salomo visdom, slik som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.

13Kong Salomo la pliktarbeid på heile Israel, og pliktarbeidarane talde tretti tusen mann.

14Dei sende han i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei i Libanon og to månader heime. Adoniram hadde oppsyn med pliktarbeidarane.

15Bygningsmennene til Salomo og Hiram og mennene frå Gebal hogg dei til. Dei gjorde i stand både stokkane og steinane som tempelet skulle byggjast av.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help