Daniel 2 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Nebukadnesars draum

1 Stjernetydarane svara kongen på arameisk: «Lenge leve kongen! Fortel tenarane dine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»

5Då sa kongen til stjernetydarane: «Dette er mi faste avgjerd: Dersom de ikkje fortel meg både draumen og tydinga, skal de hoggast i bitar, og husa dykkar skal leggjast i grus.

6Men dersom de fortel meg både draumen og tydinga, skal de få rike gåver og stor ære av meg. Fortel meg difor draumen og tydinga!»

7Då svara dei andre gongen: «Berre kongen no fortel tenarane sine draumen, så skal vi seia deg tydinga.»

8Kongen tok til orde og sa: «Eg skjønar godt at de prøver å vinna tid, fordi de ser at ordet mitt står fast:

9Dersom de ikkje kan fortelja meg draumen, er det berre éin dom som gjeld for dykk. Men de har vorte samde om å føra meg bak lyset med ei løgn til tidene skifter. Difor: Sei meg draumen, så veit eg at de òg kan seia meg tydinga!»

10Stjernetydarane tok til orde og sa til kongen: «Det finst ikkje eit menneske på jorda som kan fortelja kongen dette. For aldri har nokon konge, kor stor og mektig han var, kravd noko slikt av ein draumetydar, åndemanar eller stjernetydar.

11Det kongen krev, er så vanskeleg at ingen andre enn gudane kan fortelja han det, og dei bur ikkje mellom dødelege.»

12Kongen vart frå seg av raseri over dette og baud at dei skulle gjera ende på alle vismennene i Babel.

13Då påbodet om å drepa vismennene var utsendt, leita dei òg etter Daniel og venene hans og ville slå dei i hel.

14Då vende Daniel seg med kloke og velvalde ord til Arjok, sjefen over livvakta til kongen, som hadde drege ut for å drepa vismennene i Babel.

15Han tok til orde og spurde Arjok, befalingsmannen til kongen: «Kvifor har kongen gjeve dette strenge påbodet?» Då lét Arjok Daniel få vita det.

16Daniel gjekk då inn og bad kongen gje han ein frist, så skulle han seia han tydinga.

17Så gjekk Daniel heim og gjorde saka kjend for venene Hananja, Misjael og Asarja.

18Dei skulle be Gud i himmelen visa miskunn og openberra dette mysteriet, så Daniel og venene hans ikkje skulle gå til grunne saman med resten av vismennene i Babel.

19Då vart mysteriet openberra for Daniel i eit syn om natta. Og Daniel velsigna Gud i himmelen.

20Slik jernet, som du såg, var blanda med leire, skal menneske blanda seg til ei slekt. Men dei skal likevel ikkje halda fast ved kvarandre, like lite som jern kan blanda seg med leire.

447,14.18.27; 1 Kor 15,24Men i dagane til desse kongane skal Gud i himmelen skipa eit rike som aldri i æve går til grunne. Det riket skal ikkje gå over til noko anna folk. Det skal knusa og gjera ende på alle dei andre rika, men sjølv skal det stå til evig tid.

45Du såg då at ein stein vart riven laus frå fjellet, utan at noka hand rørte ved han, og han krasa jernet, bronsen, leira, sølvet og gullet. Den store Gud har no gjort kjent for kongen det som skal henda i framtida. Draumen er sann, og tydinga er påliteleg.»

46Då kasta kong Nebukadnesar seg ned med andletet mot jorda og tilbad Daniel. Han baud at dei skulle bera fram offer og røykjelse for han.

47Sal 86,8Kongen tok til orde og sa til Daniel: «Sanneleg, dykkar gud er gud over alle gudar og herre over alle kongar. Han openberrar mysterium, sidan du har greidd å openberra dette mysteriet.»

48Så gav kongen Daniel høg rang og mange store gåver. Han sette han til herre over heile provinsen Babel og til øvste leiar for alle vismennene der.

493,12.30På Daniels bøn sette kongen Sjadrak, Mesjak og Abed-Nego over provinsen Babel. Daniel sjølv vart verande ved kongens hoff.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help