1 Eg sender han mot eit ugudeleg folk,
byd han fara mot folket eg er harm på,
for å plyndra og røva, ta bytte og rov
og trakka det ned som avfall i gata.
7Men det er ikkje slik han meiner det
og ikkje slik hans hjarte tenkjer det,
for han vil øydeleggja
og utrydda mange folkeslag.
8 Er ikkje Kalno som Karkemisj,
Hamat som Arpad,
Samaria som Damaskus?
10Når handa mi har nådd til avgudsrika,
der gudebileta overgår dei i Jerusalem og Samaria,
11skulle eg ikkje då kunna gjera det same
med Jerusalem og gudebileta hennar
som eg gjorde med Samaria og gudane hennar?»
12 Ein rest skal venda om
til den veldige Gud,
ein rest av Jakob.
22 Då skal Herren over hærskarane
svinga svepa over han,
som då han slo Midjan ved Oreb-berget.
Han skal lyfta staven over havet,
slik han gjorde i Egypt.
27Den dagen skal det skje
at han tek børa bort frå skuldra di
og åket frå nakken din.
Så velfødd blir du at åket går sund.
Fienden går mot Jerusalem28Han er komen over Ajjat
og har drege forbi Migron.
I Mikmas lagrar han utstyr.
29Dei har gått gjennom skardet.
«I Geba slår vi leir for natta!»
Rama skjelv,
Sauls Gibea har rømt.
30Skrik høgt, du Gallims dotter!
Lytt, Laisja! Svar, Anatot!
31Madmena har kome seg unna,
dei som bur i Gebim, har berga seg.
32Alt i dag vil han stå i Nob.
Han svingar handa
mot fjellet til dotter Sion,
Jerusalems høgd.
33 Am 2,9 Sjå, Herren, allhærs Herre,
høgg greinene av med veldig kraft.
Høgvaksne tre blir felte,
høge stammar skal falla.
34 2,12ff Tettaste skogen skal hoggast ned med øks.
Libanon skal falla for Den veldige.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.