Salmane 28 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 18,3+; 143,7 Av David.

Til deg, Herre, ropar eg.

Mitt berg, tei ikkje, vend deg ikkje frå meg!

Svarar du meg ikkje,

blir eg lik dei som har gått i grav.

2 134,2 Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp,

når eg lyfter hendene mine

mot Det høgheilage i ditt tempel.

3 26,9; Jer 9,8 Riv meg ikkje bort med dei skuldige,

med dei som gjer urett.

Dei talar venleg med sin neste,

men har vondskap i hjartet.

4 54,7; 62,13; Klag 3,64; Rom 2,6 Gjev dei att for det dei har gjort,

for deira vonde handlingar!

Gjev dei att for det hendene deira har gjort!

Lat dei få det dei fortener!

5 Jes 5,12 For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar,

det han gjer med sine hender.

Han skal riva dei ned

og ikkje byggja dei opp att!

6Velsigna er Herren,

for han høyrer mi bøn!

7 3,4+ Herren er mitt vern og mitt skjold,

mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp.

Hjartet jubla, med song vil eg prisa han.

8 18,51+ Herren er eit vern for sitt folk,

ei tilflukt som bergar den han har salva.

9 29,11; Jes 40,11; 46,3f Frels ditt folk og velsigna din eigedom!

Ver du deira hyrding

og ber dei alltid!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help