Salmane 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Ein miktam. Av David.

Vern meg, Gud, for eg søkjer tilflukt hos deg.

2 Eg seier til Herren: «Du er min Herre,

alt godt har eg i deg.»

Usle er dei

3ein held for heilage i landet.

Desse veldige vil eg ikkje vita av.

4 Herre, du er min del og mitt beger.

Du held min lut i dine hender.

6Fruktbar jord vart målt opp til meg,

ein herleg eigedom vart min.

7Eg velsignar Herren, som leier meg,

jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.

8 73,23; Apg 2,25ff Alltid har eg Herren framfor meg.

Han er ved mi høgre side,

eg skal ikkje vakla.

9Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar,

jamvel kroppen kan slå seg til ro.

10 Apg 13,35 Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket,

du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava.

11 17,15; 21,7 Du lærer meg livsens veg,

hos deg er glede i overflod,

fagnad utan ende ved di høgre hand.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help