1 Riv hjartet sund, ikkje kleda!
Vend om til Herren dykkar Gud!
For han er nådig og mild,
sein til vreide og rik på miskunn,
og han kan angra på ulukka.
14 Fienden frå nord
vil eg driva langt bort frå dykk
og jaga til eit tørt og audt land,
hans fortropp til havet i aust,
hans baktropp til havet i vest.
Stanken av han skal stiga opp,
den vonde lukta hans skal stiga opp.
Ja, storverk har han gjort.
21Ver ikkje redd, du åkerjord,
fryd deg og ver glad!
For Herren har gjort storverk.
22 1,12.20 Ver ikkje redde, de dyr på marka,
for beita i øydemarka grønkast
og trea gjev si frukt,
fikentre og vinstokk ber rikt.
23 3 Mos 26,3f; 5 Mos 11,14 Fryd dykk, Sions born,
gled dykk i Herren dykkar Gud!
For han gjev dykk regn i rett tid,
han lèt regnet falla som før,
både haust og vår.
24 Ordt 3,10 Kvar treskjeplass fyllest med korn,
pressekummane renn over
av ny vin og fin olje.
25 1,4 Eg gjev dykk att for åra
då den svermande, den hoppande, den gnagande
og den tyggjande grashoppa åt,
min store hær som eg sende mot dykk.
26De skal eta og bli mette
og prisa namnet til Herren dykkar Gud,
som har stelt så underfullt med dykk.
Folket mitt skal aldri bli til skamme.
27 Jes 45,5f; 46,9 De skal kjenna at eg er midt i Israel.
Eg er Herren dykkar Gud, og ingen annan.
Folket mitt skal aldri bli til skamme.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.