1 Han kalla hungersnaud over landet
og braut sund kvar brødstav.
17 Så kom Israel til Egypt,
Jakob vart innflyttar i Hams land.
24 2 Mos 1,7ff Han gjorde folket sitt fruktbart,
meir talrikt enn fienden.
25Han vende deira hug så dei hata hans folk
og fór med svik mot hans tenarar.
26 2 Mos 3,10ff Han sende Moses, sin tenar,
og Aron, som han hadde valt ut.
27 106,21f Dei gjorde hans under mellom dei
og teikn i Hams land.
28 2 Mos 10,22f Han sende mørker, og det vart mørkt.
Hadde dei ikkje trassa hans ord?
29 2 Mos 7,20f; Sal 78,44 Han gjorde vatnet til blod
og drap fisken.
30 2 Mos 8,2ff Det krydde av frosk i landet,
jamvel i kongens eigne rom.
31 2 Mos 8,17.24; Sal 78,45 Då han gav bod, kom det lus
og insekt i heile landet.
32 2 Mos 9,23ff Han gjorde regnet til hagl
og sende flammande eld i landet.
33Han slo vinstokkane og fikentrea deira ned,
han knuste kvart tre i landet.
34 2 Mos 10,12ff; Sal 78,46 Då han gav bod, kom det grashopper
og sirissar utan tal.
35Dei åt opp alt som voks i landet,
dei åt opp grøda på marka.
36 2 Mos 12,29; Sal 78,51 Gud slo alle førstefødde i landet,
førstegrøda av deira kraft.
37 2 Mos 12,35f Så førte han dei ut med sølv og gull,
ingen i stammane hans snubla.
38Det var glede i Egypt då dei drog ut,
landet var slege av redsle for dei.
39 2 Mos 13,21f Han breidde ut ei sky til å dekkja dei
og ein eld til å lysa om natta.
40 2 Mos 16,13ff; Sal 78,24 Då dei bad, sende han vaktlar
og metta dei med himmelbrød.
41 2 Mos 17,6; Sal 78,15f Han opna berget, og vatnet strøymde fram,
det rann som ei elv i det tørre landet.
42 1 Mos 15,13f; 2 Mos 2,24 For han kom i hug sitt heilage ord
til Abraham, sin tenar.
43Han lét folket sitt dra ut med glede,
sine utvalde med jubelrop.
44 44,3+ Han gav dei land som andre folk eigde,
dei overtok det andre hadde streva for,
45 78,7 så dei skulle halda hans forskrifter
og ta vare på hans lover.
Halleluja!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.