1. Samuelsbok 13 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Krig med filistrane

1 Saul var tretti år gammal då han vart konge, og han var konge over Israel i to år.

2 Saul valde seg ut tre tusen mann av Israel. To tusen av dei var saman med han ved Mikmas og i fjelltraktene ved Betel, og eitt tusen var saman med Jonatan ved Gibea i Benjamins landområde. Saul sende resten av folket heim att, kvar til sitt.

3Jonatan slo vaktstyrken til filistrane i Gibea, og det fekk filistrane høyra. Saul lét hornet gjalla over heile landet, for han sa: «Dette skal hebrearane høyra.»

4Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege vaktstyrken til filistrane, og at filistrane hadde lagt israelittane for hat. Då vart folket kalla ut for å følgja Saul til Gilgal.

5Filistrane samla seg til strid mot Israel med tre tusen vogner og seks tusen ryttarar og med fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei drog opp og slo leir ved Mikmas, aust for Bet-Aven.

6Israelittane vart hardt pressa, og då dei såg kor farleg det vart, gøymde nokre seg i hòler og tornebuskar, i fjellkløfter, underjordiske gangar og brønnar,

7medan andre rømde over Jordan til landområda i Gad og Gilead.

Saul var framleis i Gilgal, og heile folket følgde han, skjelvande av redsle.

8Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul.

9Då sa han: «Kom hit med brennofferet og fredsoffera!» Så bar han fram brennofferet.

10Han var nett ferdig med å ofra då Samuel kom. Og Saul gjekk til møtes med han for å helsa han velkomen.

11Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket spreidde seg og gjekk frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistrane samla seg ved Mikmas.

12Då tenkte eg: No kjem filistrane ned til Gilgal og går til åtak på meg utan at eg har bede om velvilje for Herrens andlet. Difor våga eg meg til å bera fram brennofferet.»

13Då sa Samuel til Saul: «Du har bore deg uvitug åt. Du har ikkje halde det bodet som Herren din Gud gav deg. For då ville Herren ha stadfest kongedømet ditt over Israel for alle tider.

14Frå filistarleiren drog det ut plyndrarar i tre avdelingar. Den første gjekk i retning Ofra i Sjual-området,

18den andre i retning Bet-Horon og den tredje i retning grensa på høglandet over Sebo'im-dalen, mot ørkenen.

19 Prisen var to tredjedels sjekel for plogjern og hakker, tretinda høygaflar og øksar og for å få sett jernpigg på stavar.

22Slik hadde det seg at den dagen slaget stod, hadde ingen av dei som følgde Saul og Jonatan, sverd eller spyd. Berre Saul og Jonatan, son hans, hadde slike våpen.

23Forposten til filistrane rykte fram til passet ved Mikmas.

Blog
About Us
Message
Site Map