1Blant israelittane skal du la bror din Aron og sønene hans stiga fram for å gjera presteteneste for meg. Det er Aron og sønene hans, Nadab og Abihu, Elasar og Itamar.
2Og du skal laga heilage klede til bror din Aron, til ære og prydnad.
3Så skal du seia til alle som har visdom i hjartet, og som eg har fylt med visdomsånd, at dei skal laga kleda til Aron, så han kan bli helga til presteteneste for meg.
4Du skal ta to onyks-steinar, og på dei skal du gravera inn namna på Israels søner,
10seks namn på den eine steinen og dei andre seks på den andre steinen, etter alderen.
11Som ein handverkar graverer inn eit signet i stein, skal du gravera inn namna til Israels søner på desse to steinane. Du skal setja dei inn i innfatningar av gull.
12Så skal du setja begge steinane på akslebanda til efoden. Dei skal minna om Israels søner. På akslene skal Aron bera namna fram for Herrens andlet som ei påminning.
13Du skal laga innfatningar av gull
14og to kjeder av reint gull. Kjedene skal vera fletta som ein flettar snorer. Desse kjedene skal du festa til innfatningane.
Bryststykket15Du skal laga eit bryststykke for domsavgjerder. Det skal vera i kunstvevnad slik som efod-drakta. Av gull, purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin skal du laga det.
16Bryststykket skal vera firkanta og bretta dobbelt, eitt fingerspenn langt og eitt fingerspenn breitt.
17På bryststykket skal du setja fire rader med steinar i innfatning. I den eine rada skal det vera ein rubin, ein topas og ein smaragd,
18i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,
19i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst
20og i den fjerde rada ein krysolitt, ein onyks og ein jade. Dei skal setjast i innfatningar av gull.
21Dei tolv steinane skal bera namna på Israels søner, ein for kvart namn. På kvar stein skal namnet på ein av dei tolv stammane vera inngravert, slik som i eit signet.
22Til bryststykket skal du laga kjeder av reint gull. Dei skal vera fletta slik ein flettar snorer.
23Du skal òg laga to gullringar til bryststykket og setja dei i kvart sitt hjørne.
24Så skal du festa dei to gullsnorene i dei to ringane i hjørna av bryststykket.
25I bryststykket skal du leggja urim og tummim. Dei skal liggja ved hjartet til Aron når han stig fram for Herren. Aron skal alltid bera domsavgjerdene for Israels søner innved hjartet sitt for Herrens andlet.
Andre presteklede31Kappa som høyrer til efod-drakta, skal vera einsfarga purpurblå.
32Midt på henne skal det vera ei opning for hovudet med ein voven kant rundt. Ho skal vera som opninga på ei brynje, slik at ho ikkje rivnar.
33Rundt på den nedre kanten av kappa skal du setja granateple av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt garn, og mellom dei gullbjøller heilt rundt.
34Ei gullbjølle og eit granateple, så ei gullbjølle og eit granateple, slik skal det vera nedst rundt heile kanten på kappa.
35Denne kappa skal Aron ha på seg kvar gong han gjer teneste. Det skal høyrast når han går inn i heilagdomen fram for Herrens andlet, og når han går ut att, så han ikkje skal døy.
36 Dette skal du ha på Aron, bror din, og sønene hans. Og du skal salva dei, innsetja dei og helga dei, så dei kan gjera presteteneste for meg.
4220,26Lag linbukser til dei så den nakne kroppen blir dekt. Dei skal gå frå hoftene og ned på låra.
43Aron og sønene hans skal ha på seg buksene når dei går inn i teltheilagdomen, og når dei stig fram for altaret for å gjera teneste i heilagdomen. Elles fører dei skuld over seg og må døy. Det skal vera ei evig ordning for han og etterkomarane hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.