1 Herren sa til Moses:
2Lag deg to trompetar! Du skal laga dei av hamra sølv. Du skal bruka dei når du kallar forsamlinga saman, og når leiren skal brytast.
3Når dei blæs i dei, skal heile forsamlinga koma saman hos deg ved opninga til teltheilagdomen.
4Blæs dei berre i den eine, skal leiarane, overhovuda for Israels tusen, samlast hos deg.
5Når de blæs lange støytar, skal dei som har leir mot aust, bryta opp.
6Når de blæs lange støytar andre gongen, skal dei som har leir mot sør, bryta opp. Lange støytar skal blåsast når dei skal bryta opp.
7Når de kallar forsamlinga saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa lange støytar.
8 På glededagane og i høgtidene og på nymånedagane dykkar skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og fredsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hos dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.
Israelittane tek ut frå Sinai11I det andre året, på den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå vitnemålsbustaden.
12Då braut israelittane opp frå Sinai-ørkenen og drog fram i dagsmarsjar. Og skya stansa i Paran-ørkenen.
13Dette var første gongen dei braut opp på Herrens ord gjennom Moses.
14Leiren til Juda-sønene braut først opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Nahsjon, son til Amminadab.
15Hærføraren for Jissakar-stammen var Netanel, son til Suar.
16Hærføraren for Sebulon-stammen var Eliab, son til Helon.
17Så braut dei opp og drog frå Herrens fjell, tre dagsreiser. Og Herrens paktkiste drog føre dei, tre dagsreiser, for å finna ein kvilestad for dei.
34Herrens sky var over dei om dagen når dei braut opp frå leiren.
35 Sal 68,2; Jes 33,3 Kvar gong kista braut opp, sa Moses:
«Reis deg, Herre!
Lat fiendane dine bli spreidde
og motstandarane dine flykta for deg!»
36Og når ho var i ro, sa han:
«Kom tilbake, Herre,
til Israels ti tusen gonger tusen!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.