1Dette er dei boda, forskriftene og lovene som Herren dykkar Gud har pålagt meg å læra dykk, for at de skal leva etter dei i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.
2Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.
5De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, slik som de gjorde ved Massa.
17Legg vinn på å halda lovene til Herren dykkar Gud, dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.
18Du skal gjera det som er rett og godt i Herrens auge, så det kan gå deg vel. Då skal du få koma inn og ta i eige det gode landet som Herren med eid lova fedrane våre.
192 Mos 23,27–33; 5 Mos 7,1f
Herren vil driva ut alle fiendane dine for deg, slik som han har sagt.20Når son din i morgon spør deg: «Kva tyder desse boda, forskriftene og reglane som Herren vår Gud har gjeve dykk?»
212 Mos 5–13skal du svara: «Vi var slavar hos farao i Egypt, men Herren førte oss ut frå Egypt med sterk hand.
22Herren gjorde store teikn og under framfor auga våre og førte ulukke over Egypt og farao og heile hans hus.
23Men oss førte han ut derifrå slik at han kunne leia oss inn i og gje oss det landet som han med eid hadde lova fedrane våre.
24Herren baud oss å halda alle desse forskriftene og frykta Herren vår Gud, slik at det kunne gå oss vel alle dagar og han kunne la oss leva, som han har gjort til denne dag.
253 Mos 18,5Og det skal vera vår rettferd, at vi for Herren vår Guds andlet trufast følgjer alle desse boda, slik han har pålagt oss.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.