1 Men han svara: °«Om kvelden seier de: ‘Det blir godt vêr, for himmelen er raud’,
3og om morgonen: ‘I dag blir det uvêr, for himmelen er raud og mørk’. Det de ser på himmelen, veit de å tyda, men teikna for tidene kan de ikkje tyda.•
4Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.»
17Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son til Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen.
18Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.
19Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.»
20Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.
22Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rette og sa: «Gud hjelpe deg, Herre! Dette må aldri henda deg.»
23Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv, ta krossen sin opp og følgja meg.
25Luk 17,33; Joh 12,25For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.
26Sal 49,8ff; Matt 4,8fKva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?
27Sal 62,13; Ordt 24,12; Matt 25,31; Rom 2,6+; Op 22,12For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin saman med englane sine, og då skal han løna kvar og ein etter det han har gjort.
2824,34Sanneleg, eg seier dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma med kongsmakt.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.