1 Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, helsar alle dei heilage i Kristus Jesus som bur i Filippi, med tilsynsmenn og diakonar:
2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Takk og bøn for forsamlinga3 Med rette tenkjer eg slik om dykk alle, for eg ber dykk i hjartet. Både når eg er i lenkjer, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, har de alle fellesskap med meg i nåden.
8Ja, Gud er mitt vitne, eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
9 For det er kjent i heile borga og mellom alle dei andre at det er for Kristi skuld eg ber lenkjer.
14På grunn av desse lenkjene har dei fleste av syskena våre fått større tillit til Herren, så dei med endå større frimod enn før vågar å forkynna Ordet.
15Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje.
16Dei gjer det av kjærleik, for dei veit eg er sett til å forsvara evangeliet.
17Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera.
18For eg veit at dette skal bli mi redning, ved dykkar bøner og hjelpa frå Jesu Kristi Ande.
20Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.
21 Gal 2,20 Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning.
22Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja.
232 Kor 5,8Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre.
24Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare,
25og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.
26Då skal de få rikeleg grunn til å vera glade og stolte i Kristus Jesus for mi skuld, når eg på nytt kjem til dykk.
Strid for evangeliet med Kristi sinnelag27 Apg 4,32; Ef 4,1.3f; Kol 1,10; 1 Tess 2,12 Så gjeld det berre at de lever eit liv som er Kristi evangelium verdig. Om eg sjølv kjem og ser dykk, eller om eg er borte, så lat meg få høyra at de står saman i éi ånd, kjempar med eitt sinn for trua på evangeliet
282 Tess 1,4ffog ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk.
29Matt 5,10ff; Apg 5,41; 1 Pet 4,13For den nåden er gjeven dykk for Kristi skuld, ikkje berre å tru på han, men òg å lida for han.
30Apg 16,22ffDe står i same striden som de såg at eg stod i, og som de no høyrer at eg framleis står i.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.