1Som snø om sommaren og regn i innhaustinga,
så lite høver ære for dåren.
2Lik sporv og svale som flaksar og flyg,
er grunnlaus forbanning, ho råkar ikkje.
3 Lik ein bogeskyttar som sårar kvar og ein,
er den som leiger ein dåre
eller folk som tilfeldigvis går forbi.
11 2 Pet 2,22 Lik hunden som snur seg til sitt eige spy,
er ein dåre som tek opp att sin dårskap.
12 3,7; 29,20; Rom 12,16 Ser du ein mann som er vis i eigne auge?
Det er større håp for dåren enn for han.
13 22,13 Den late seier:
«Det er eit villdyr på vegen,
ei løve på torget!»
14Døra svingar på gjenga,
den late snur seg i senga.
15 19,24 Den late stikk handa i fatet,
men gidd ikkje ta henne til munnen.
16Den late er visare i eigne auge
enn sju som gjev kloke svar.
17Lik ein som tek tak i øyra på ein hund,
er den som kjem forbi
og ryk opp i sinne for ei trette
som ikkje kjem han ved.
18Lik ein galning som skyt
brennande og dødelege piler,
19er den som har svike ein ven
og seier: «Det var berre ein spøk.»
20 22,10 Er det slutt på veden, sloknar elden;
når baktalaren er borte, stilnar tretta.
21Det trengst kol til glør og ved til eld
og trettekjær mann til å skapa strid.
22 18,8 Ord frå ein baktalar er som lekre retter,
dei glid ned i magen.
23Som ureint sølv utanpå eit leirkar
er sleipe lepper og eit vondt hjarte.
24Ein fiende skaper seg til med leppene,
men inni seg ber han på svik.
25 Sal 28,3; Jer 9,8 Gjer han røysta blid, så tru han ikkje,
for sju avskyelege ting har han i hjartet.
26Om han skjuler hatet med list,
kjem vondskapen fram når folket samlast.
27 Sal 7,16; 9,16; 35,8; 57,7; Fork 10,8 Den som grev ei grav, fell sjølv nedi,
den som rullar ein stein, får han over seg.
28Den som talar med falsk tunge,
hatar sanning;
glatt munn fører til fall.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.