Matteus 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Likninga om arbeidarane i vingarden

1Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin.

2Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.

3Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget.

4Han sa til dei: ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’

5Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins.

6Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’

7‘Fordi ingen har leigd oss’, svara dei. Då sa han: ‘Gå bort i vingarden, de òg.’

8 og gje han over til heidningane, så han blir spotta, piska og krossfest. Og tredje dagen skal han reisast opp.»

Ikkje råda, men tena(Mark 10,35–45)

20 Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

Jesus lækjer to blinde(Mark 10,46–52; Luk 18,35–43)

29 Ved vegen sat det to blinde, og då dei høyrde at Jesus gjekk framom, ropa dei: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

31Folket tala hardt til dei og bad dei teia, men dei ropa endå høgare: «Herre, du Davids son, miskunna deg over oss!»

32Då stansa Jesus, kalla på dei og sa: «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»

33«Lat auga våre bli opna, Herre!» svara dei.

34Jesus fekk inderleg medkjensle med dei og rørte ved auga deira. Straks kunne dei sjå, og dei følgde han.

Blog
About Us
Message
Site Map