1Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane følgde han.
2Då sabbaten kom, tok han til å undervisa i synagogen. Mange som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer!
3Dei skulle ha sandalar på føtene, men ikkje ha på seg meir enn éin kjortel.
10Og han sa til dei: «Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare.
11Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de fara derifrå og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
12Så tok dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.
13Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.
Herodes og døyparen Johannes(Matt 14,1–12; Luk 9,7–9; 3,19–20)14 Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes er reist opp frå dei døde. Difor er desse kreftene verksame i han.»
15Andre sa: «Han er Elia», og endå andre: «Han er ein profet, som ein av dei gamle profetane.»
16Men då Herodes høyrde det, sa han: «Det er Johannes, han som eg lét halshogga. Han er vekt opp att.»
17For Herodes hadde sendt ut folk for å gripa Johannes, kasta han i fengsel og binda han. Dette gjorde han for Herodias' skuld. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans.
18Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
35Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid.
36Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.»
37«De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»
38«Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»
39Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset.
40Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti.
41Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.
42Og alle åt og vart mette.
43Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.
44Det var fem tusen menn som hadde fått mat.
Jesus går på vatnet(Matt 14,22–33; Joh 6,16–21)45Straks etter nøydde Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, til Betsaida, medan han sjølv sende folket av stad.
46Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom,
49men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit gjenferd, og skreik høgt,
50for alle såg han og vart gripne av redsle. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
51Kvar han enn kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei i det minste måtte få røra ved dusken på kappefliken hans. Og alle som tok i han, vart friske.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.