1 Høyr Herrens ord, de Israels born!
Herren fører sak mot dei som bur i landet.
For det er ingen truskap og ingen kjærleik
og ingen kjennskap til Gud i landet.
2Forbanning og løgn og drap og tjuveri
og ekteskapsbrot breier om seg,
med blod følgjer meir blod.
3Difor skal landet sørgja,
og kvar den som bur der, skal tørka bort
saman med dyra på marka og fuglane under himmelen,
sjølv fiskane i havet skal utryddast.
4 Folket mitt skal gå til grunne
av mangel på kunnskap.
Sidan du har vraka kunnskapen,
vrakar eg deg som min prest.
Du gløymde din Guds lov,
difor gløymer eg òg dine born.
7Jo fleire dei vart,
dess meir synda dei mot meg,
deira ære skal eg byta ut med skam.
8 Dei lever av mitt folks synd
og lengtar etter deira skuld.
9 Folket mitt spør sitt tre til råds
og får svar av sin stokk.
For ei horeånd har ført dei vill,
dei har hora seg bort frå sin Gud.
13 Sjølv om du driv hor, Israel,
må ikkje Juda føra skuld over seg!
Gå ikkje til Gilgal,
dra ikkje opp til Bet-Aven
og sver ikkje: «Så sant Herren lever!»
16For Israel er trassig
som ei trassig ku.
No skal Herren gjeta dei
som lam i ope lende.
17 Efraim er bunden til gudebilete,
lat han vera!
18 Når drikkinga deira er over,
horar dei vidare.
Dei elskar vilt.
Skam er skjolda hennar.
19Ein vind skal gripa henne med sine venger,
dei skal bli til skamme med sine offer.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.