Esekiel 23 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Dei to systrene

1 Herrens ord kom til meg:

2Menneske, det var to kvinner, døtrer til ei og same mor.

3Babels menn, alle kaldearane, mennene frå Pekod, Sjoa og Koa, og alle assyrarane saman med dei, staute unge karar, statthaldarar og stormenn alle saman, dugande stridsmenn og utvalde menn, alle høgt til hest.

24Dei kjem imot deg frå nord med rullande vogner og ei mengd med folk. Langskjold og rundskjold og hjelmar stiller dei opp mot deg frå alle kantar. Eg gjev dommen over til dei, og dei skal dømma deg etter sine lover.

25Men deg gjev eg min sjalusi, så dei går laus på deg i harme. Nasen og øyra skjer dei av deg, og det som er att til slutt, skal falla for sverd. Sønene og døtrene dine tek dei, og det som er att til slutt, skal fortærast av eld.

26Dei riv av deg kleda og tek smykka dine.

27Slik gjer eg slutt på det skamlause horelivet som du la deg til i Egypt. Du skal ikkje kikka etter elskarane dine, og egyptarane skal du ikkje tenkja på meir.

28For så seier Herren Gud: Sjå, eg gjev deg over i hendene på dei du hatar, dei som du braut med.

2916,37Dei skal visa sitt hat mot deg og ta frå deg alt du har streva for. Dei lèt deg liggja naken og avkledd så ditt nakne hor blir synleg, ditt skamlause horeliv.

30Dette skal dei gjera mot deg fordi du dreiv hor og la deg etter andre folkeslag og gjorde deg urein med avgudane deira.

31På di systers veg gjekk du, og hennar beger gjev eg i di hand.

32Så seier Herren Gud:

Begeret til syster di skal du drikka,

det er både djupt og vidt.

Då blir du til lått og spott,

for begeret rømmer mykje.

33 Sal 60,5; 75,9; Jes 51,17; Jer 25,15 Du blir drukken og full av sorg.

Eit beger med redsle og ruin

er begeret til Samaria, syster di.

34Du må drikka det ut til siste dropen

og knusa det til brot,

og brysta dine skal du kutta opp.

For eg har tala,

seier Herren Gud.

35Difor seier Herren Gud: Fordi du gløymde meg og vende meg ryggen, skal du bera vekta av ditt skamlause horeliv.

36 Herren sa til meg: Menneske, vil du dømma Ohola og Oholiba? Då skal du fortelja dei om alt det avskyelege dei har gjort.

3716,20fDei braut ekteskapet og har blod på hendene. Dei braut ekteskapet ved å dyrka avgudane sine, og borna som dei hadde fødd meg, gav dei til føde for dei.

3820,13Ja, endå meir har dei gjort mot meg: Dei gjorde heilagdomen min urein og vanhelga sabbatane mine.

39Når dei hadde slakta borna sine for avgudane, kom dei same dagen inn i heilagdomen min og vanhelga han. Sjå, dette gjorde dei i mitt hus!

40Dei sende til og med bod etter menn i fjerne land. Det vart sendt ein bodberar til dei, og sjå, då kom dei, desse som du hadde vaska deg for, sminka auga og pynta deg for med smykke.

41Du sette deg på ei prektig seng. Eit bord stod duka framfor henne, og der sette du fram min røykjelse og min olje.

42Der inne høyrdest lyden av ein sorglaus og støyande flokk. Og til den store mengda av menneske kom drikkebrør som vart henta frå ørkenen. Dei kom med armband til kvinnene og staselege diadem til å ha på hovudet.

43Då sa eg: «Ho er utsliten av ekteskapsbrot. Men no held dei sanneleg horelag, ja, ho òg!»

44Dei gjekk inn til henne. Slik ein går inn til ei prostituert kvinne, slik gjekk dei til Ohola og Oholiba, dei skamlause kvinnene.

45Jes 1,15; 59,3; Esek 16,38Men rettferdige menn skal dømma dei for brot på lova om ekteskapet og lova mot å ausa ut blod. For dei har brote ekteskapet, og dei har blod på hendene.

46For så seier Herren Gud: Eg samlar ei folkemengd mot dei og gjev dei over til angst og plyndring.

47Mengda skal steina dei og skamhogga dei med sverd. Sønene og døtrene skal dei drepa, og husa skal dei brenna.

48Eg gjer slutt på skamløysa i landet. Alle kvinner skal ta lærdom av det, dei skal ikkje lenger leva skamlaust som de.

49Eg gjev dykk att for skamløysa, de må sjølve bera straffa for den syndige avgudsdyrkinga. Då skal de kjenna at eg er Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help