2. Kongebok 11 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Joasj blir konge i Juda

1 Men Josjeba, dotter til kong Joram og syster til Ahasja, tok i løynd Joasj, son til Ahasja, bort frå dei kongssønene som skulle drepast. Ho førte han og fostermor hans inn på ein sovesal. Der gøymde dei han for Atalja, så han ikkje vart drepen.

3I seks år heldt han seg løynd hos henne i Herrens hus medan Atalja styrte i landet.

4 Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla, som skikken var, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!»

15Men presten Jojada gav hundremannsførarane, dei som stod i spissen for hæren, denne ordren: «Før henne ut mellom rekkjene! Følgjer nokon etter henne, så drep han med sverd.» For presten hadde sagt: «Ho må ikkje drepast i Herrens hus!»

16Så greip dei Atalja. Og då ho var komen gjennom Hesteporten og inn i kongeborga, vart ho drepen der.

17Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom Herren og kongen og folket: Dei skulle vera Herrens folk. Mellom kongen og folket gjorde han òg ei pakt.

1810,26f; 2 Krøn 31,1Så gjekk heile folkemengda til Baal-tempelet og reiv det ned. Altara og gudebileta knuste dei, og Baal-presten Mattan drap dei framfor altaret.

Presten Jojada sette ut vaktpostar ved Herrens hus.

19Så tok han med seg hundremannsførarane, livvakta, vaktmennene og heile folkemengda. Dei førte kongen ned frå Herrens hus og følgde han inn i kongeborga gjennom Vaktporten. Der sette han seg på trona.

20Heile folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd i kongeborga.

21Joasj var sju år gammal då han vart konge.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help