1 Men det er annleis med nåden enn med fallet. På grunn av fallet til den eine måtte dei mange døy, men Guds nådegåve er så uendeleg mykje større: Ho blir gjeven i rikt mål til dei mange på grunn av nåden frå det eine mennesket Jesus Kristus.
16Og det er annleis med gåva enn med den synda som den eine gjorde. For dommen over eitt menneske førte til fordømming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle.
17Døden fekk herredøme fordi eitt einaste menneske fall. Kor mykje meir skal då ikkje dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve, eiga livet og få herredøme ved den eine, Jesus Kristus.
18 1 Kor 15,21f; 1 Joh 2,2 Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske.
19Jes 53,11Slik dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig.
204,15+Lova kom til så fallet skulle bli stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå mykje større.
21For liksom synda fekk herredøme ved døden, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.