1 Den staden kalla dei Tabera, fordi Herrens eld hadde flamma opp mellom dei der.
4 Rakkarpakket som følgde med dei, var umetteleg. Då tok israelittane òg til å jamra seg att. «Kven kan gje oss kjøt å eta?» sa dei.
5«Vi minnest fisken vi fritt kunne eta i Egypt, og agurkane, melonane og purren, lauken og kvitlauken.
6No visnar vi bort, for her har vi ingen ting. Auga våre ser ikkje anna enn manna.»
7 Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae.
8Folket sprang utover og sanka. Dei mol han på handkvern eller støytte han i mortar. Så kokte dei han i gryte og laga kaker av han. Smaken var som smaken av kaker baka med olje.
9Då kom ein vind frå Herren som førte vaktlar inn frå havet i ei høgd på omkring to alner over bakken. Vinden strødde dei ut omkring leiren, så langt som ei dagsreise på den eine sida og ei dagsreise på den andre.
32Folket samla vaktlar heile den dagen og heile natta og heile dagen etter. Dei som sanka minst, sanka ti homer. Og dei la dei utover kring heile leiren.
33 Denne staden kalla dei Kibrot-Hattaava, for der gravla folket dei som hadde vore grådige.
35 33,16f Frå Kibrot-Hattaava drog folket til Haserot, og i Haserot vart dei verande ei tid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.