1 Då kong Hiskia høyrde det, reiv han sund kleda sine, kledde seg i sekkestrie og gjekk inn i Herrens hus.
2Så sende han borgherren Eljakim, riksskrivaren Sjebna og dei eldste av prestane, kledde i sekkestrie, til profeten Jesaja, son til Amos.
3Dei sa til han: «Så seier Hiskia: Dette er ein dag med trengsle, straff og vanære; for borna er komne til livmormunnen, men det finst ikkje kraft til å føda.
4Kanskje Herren din Gud har høyrt alle dei orda kommandanten har sagt, han som er send av herren sin, assyrarkongen, for å håna den levande Gud. Kanskje Herren din Gud vil straffa han for dei orda han har høyrt. Så send då opp ei bøn for den resten som enno er att!»
5Då mennene til kong Hiskia kom til Jesaja,
6sa han til dei: «Sei til herren dykkar: Så seier Herren: Ver ikkje redd for dei orda du har høyrt, dei hånsorda som mennene til assyrarkongen har tala mot meg.
7No skal eg gje han ein tanke. Han skal høyra eit rykte og venda attende til sitt eige land, og der vil eg la han falla for sverd.»
8Då kommandanten fekk høyra at assyrarkongen hadde brote opp frå Lakisj, drog han bort og fann kongen i kamp mot Libna.
9Kongen fekk no meldinga om at Tirhaka, kongen i Kusj, hadde teke ut for å kjempa mot han. Då sende han igjen bod til Hiskia og sa:
10«Så skal de seia til Juda-kongen Hiskia: Lat deg ikkje lura av din Gud som du stolar på, når han seier: Jerusalem skal ikkje falla i hendene på assyrarkongen.
11Du har sjølv høyrt kva assyrarkongane har gjort med alle landa dei har slege med bann og øydelagt. Og du skulle bli berga?
12Har dei vorte berga av gudane sine, dei folka som fedrane mine gjorde ende på: folka i Gosan, Harran og Resef eller innbyggjarane frå Eden i Telassar?
13Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i byen Sefarvajim og kongane i Hena og Ivva?»
14Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene hadde med seg, gjekk han opp til Herrens hus og breidde det ut for Herrens andlet.
15
og sa: «Med mine mange vogner
drog eg opp til dei høgaste fjella,
til Libanons fjernaste trakter.
Der hogg eg ned høgvaksne sedertre
og dei finaste sypressar.
Eg nådde den fjernaste kvilestad
der skogen stod tjukkast.
24Eg grov og drakk
av framandt vatn.
Med fotsolane tørka eg ut
alle elvane i Egypt.»
25Har du ikkje høyrt det?
Eg gjorde det for lenge sidan,
eg forma det i eldgammal tid,
og no lèt eg det skje.
Så kunne du øydeleggja festningsbyar
og gjera dei til ruinhaugar.
26 Dette skal du ha til teikn:
Første året skal de eta korn som veks av seg sjølv,
andre året kornet som veks av det att,
men tredje året skal de så og hausta,
planta vinmarker og eta frukta!
30Den rest av Judas hus som blir berga,
skyt på nytt djupe røter,
greinene ber frukt.
31 Ein gong medan han bøygde seg og bad i tempelet til Nisrok, guden sin, hogg sønene hans, Adrammelek og Sareser, han ned med sverd. Dei flykta til Ararat-landet. Og Asar-Haddon, son til Sanherib, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.