1 Ein bodskap.
Herrens ord er i Hadrak-landet,
i Damaskus har det sin bustad,
for menneska og alle Israels stammar
vender auga mot Herren.
2 Slik med grannelandet Hamat òg,
og Tyros og Sidon, med all deira visdom.
3Tyros bygde seg ei festning,
hauga opp sølv som mold
og gull som søle i gata.
4Sjå, Herren vil ta byen
og slå styrkane hennar på sjøen.
Byen skal øydast i eld.
5 Eg skal fjerna blodet dei har i munnen,
og det motbydelege dei tygg på.
Men dei som blir att,
skal høyra vår Gud til
og vera som ei slekt i Juda,
med Ekron skal det gå som med jebusittane.
8 Bryt ut i jubel, dotter Sion!
Rop av glede, dotter Jerusalem!
Sjå, kongen din kjem til deg,
rettferdig og rik på siger,
fattig er han og rid på eit esel,
på ein eselfole.
10 Eg vil rydda ut vognene i Efraim
og hestane i Jerusalem,
stridsbogen skal brytast sund.
Han skal tala fred for folkeslaga,
hans velde skal nå frå hav til hav,
frå Storelva til endane av jorda.
Herren skal verna folket sitt11 Og du, i kraft av blodpakta med deg
set eg fangane dine fri
frå brønnen utan vatn.
12 For eg spenner Juda som ein boge
og legg Efraim på som pil.
Eg skal slyngja dine søner, Sion,
mot dine søner, Javan.
Eg gjer deg lik sverdet til ein krigar.
14 Herren skal syna seg for dei,
pila hans skyta ut som lynet.
Herren Gud skal blåsa i hornet
og fara fram i stormvind frå sør.
15 2 Mos 29,12 Herren over hærskarane skal vera skjold for dei.
Slyngjesteinane skal fortæra og tvinga i kne,
drikka blod som var det vin,
fylte som offerskåler, tilsmurde som hjørna på altaret.
16 Jes 35,4 Herren deira Gud skal berga dei den dagen,
folket hans skal vera som ein saueflokk.
Som kronjuvelar skal dei glima over landet hans.
17 Jes 27,6 Kor godt og vakkert det er!
Korn og ny vin
får gutar og jenter til å bløma.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.