Nehemja 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Folket sannar si synd

1 Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg til faste, kledde i sekkestrie og med mold strødd over seg.

2Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle dei framande. Dei stod fram og sanna syndene sine og fedrane si skuld.

3Ein fjerdepart av dagen stod dei, kvar på sin plass, medan det vart lese opp frå lovboka til Herren deira Gud. Ein annan fjerdepart av dagen skrifta dei og tilbad Herren sin Gud.

4Og Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på levittane sitt podium og ropa med høg røyst til Herren sin Gud.

5Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petahja:

Stå opp, velsign Herren dykkar Gud,

han som er frå æve til æve.

Velsigna vere ditt herlege namn,

som er høgare enn all lov og pris.

6 Du er Herren, du åleine.

Du har skapt himmelen,

himmel-himlane med heile hærskaren,

jorda og alt som er på henne,

havet og alt som er i det.

Du gjev alle liv,

himmelhæren tilbed deg.

7 1 Mos 11,31; 12,1ff; 17,5 Du er Herren Gud

som valde ut Abram,

som førte han frå Ur i Kaldea

og gav han namnet Abraham.

8 1 Mos 12,7+ Du fann at hans hjarte var trufast mot deg,

og du gjorde ei pakt med han.

Landet til kanaanearane,

hetittane, amorittane, perisittane,

jebusittane og girgasjittane

lova du å gje etterkomarane hans.

Og du heldt din lovnad,

for du er rettferdig.

9 2 Mos 3,7ff; 14,9ff Du såg korleis fedrane vart plaga i Egypt,

du høyrde deira skrik ved Sivsjøen.

10Du gjorde teikn og under

med farao og tenarane hans

og alt folket i landet.

For du visste at dei handla i overmot

mot fedrane våre.

Du skapte deg eit namn

som varer til denne dag.

11 2 Mos 14,21ff; 15,4f; Sal 106,9; 136,13f Du kløyvde sjøen framfor dei,

og dei drog gjennom havet

på tørr grunn.

Men dei som forfølgde dei,

kasta du i djupet

som stein

i det veldige vatnet.

12 2 Mos 13,21f+; Sal 105,39 I ei skysøyle førte du dei om dagen

og i ei eldsøyle om natta;

ho lyste opp vegen dei skulle gå.

13 2 Mos 19,18ff; 20,1ff; Sal 19,8f Du steig ned på Sinai-fjellet

og tala til dei frå himmelen.

Du gav dei rette ordningar,

sanne lover,

gode forskrifter og bod.

14Din heilage sabbat kunngjorde du,

bod, forskrifter og lov gav du dei

gjennom Moses, tenaren din.

15 2 Mos 16,4+ Brød frå himmelen gav du dei

mot hungeren,

og vatn lét du strøyma frå berget

mot tørsten.

Du baud dei dra inn

og ta landet i eige,

det som du med lyft hand

hadde lova dei.

16Men dei var hovmodige og stivnakka,

fedrane våre,

dei høyrde ikkje på dine bod.

17 4 Mos 14,4; Sal 103,8; Joel 2,13 Dei nekta å høyra

og hugsa ikkje dine under

som du hadde gjort for dei.

Dei var stivnakka

og tok seg ein leiar

for å venda attende til slaveriet i Egypt.

Men du er ein Gud som tilgjev,

du er nådig og mild,

sein til vreide og rik på miskunn,

og du forlét dei ikkje.

18 2 Mos 32,4 Dei støypte seg jamvel ein kalv

og sa: «Dette er din gud

som førte deg opp frå Egypt.»

Og dei spotta grovt.

19 2 Mos 13,22 Men i di store miskunn

forlét du dei ikkje i ørkenen.

Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,

men førte dei på vegen;

og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,

men lyste opp vegen dei skulle gå.

20 5 Mos 8,16 Du gav dei din gode Ande

for at dei skulle få visdom.

Du nekta dei ikkje manna til mat

og gav dei vatn mot tørsten.

21 5 Mos 8,4 Du sørgde for dei i førti år,

i ørkenen mangla dei ikkje noko.

Kleda deira vart ikkje utslitne,

og føtene hovna ikkje opp.

22 4 Mos 21,21ff.33ff Du gav dei folk og kongerike

som du lét dei få som grenser.

Dei tok landet til Sihon, kongen i Hesjbon,

og landet til Og, kongen i Basan.

23 1 Mos 13,16+ Du gjorde borna deira talrike

som stjernene på himmelen.

Du førte dei inn i det landet

som du hadde sagt at fedrane

skulle koma og ta i eige.

24Så kom borna og tok landet i eige.

Du kua kanaanearane,

dei som budde i landet.

Og du gav kongane og folka i landet

i deira hender,

så dei kunne gjera med dei som dei ville.

25 5 Mos 6,10f Dei tok festningsbyar og fruktbar jord

og tok velfylte hus i eige,

utgravne brønnar og vinmarker,

olivenlundar og frukttre i mengd.

Dei åt og vart mette og feite

og naut dine gode gåver.

26 5 Mos 32,15f Men dei vart trassige

og sette seg opp mot deg;

dei kasta di lov bak sin rygg.

Dei drap profetane dine

som åtvara dei

og ville føra dei tilbake til deg.

Og dei spotta grovt.

27 Dom 3,9.15; Sal 106,40ff Då gav du dei i hendene på motstandarar

som undertrykte dei.

Men i trengselstida

ropa dei til deg,

og du høyrde dei frå himmelen.

I di store miskunn

sende du utfriarar

som frelste dei frå fiendehand.

28Men så snart dei hadde fått ro,

gjorde dei igjen

det som vondt var i dine auge.

Du gav dei over i hendene på fiendar

som herska over dei.

Dei ropa igjen til deg,

og du høyrde det frå himmelen

og berga dei gong på gong

i di store miskunn.

29 3 Mos 18,5; 2 Kong 17,13ff; 2 Krøn 36,15ff; Esek 20,11 Du åtvara dei,

for du ville føra dei tilbake til di lov.

Men dei var hovmodige

og høyrde ikkje på boda dine.

Dei synda mot lovene dine,

dei som gjev mennesket liv

når det følgjer dei.

Dei vende ryggen til i trass;

dei var stivnakka og ville ikkje høyra.

30Du heldt ut med dei i mange år

og åtvara dei ved din Ande

gjennom profetane dine.

Men dei ville ikkje lytta,

så du gav dei i hendene

på folka omkring.

31 Jer 30,11; Klag 3,22; Mal 3,6 Men i di store miskunn

gjorde du ikkje ende på dei,

og du forlét dei ikkje.

For du er ein mild og nådig Gud.

32Og no, vår Gud,

du store, mektige og skremmande Gud,

du som held pakta og gjer godt,

sjå det ikkje som noko lite,

desse harde tidene som har ramma oss,

våre kongar og leiarar,

våre prestar og profetar,

våre fedrar og heile folket,

frå assyrarkongane sine dagar

og til denne dag.

33 Dan 9,7.14 Du var rettferdig

i alt som kom over oss.

For du har vist deg trufast,

men vi har gjort urett.

34 Dan 9,6.8 Kongane og leiarane våre,

prestane og fedrane

handla ikkje etter di lov.

Dei akta ikkje på dine bod

og dei åtvaringane du gav dei.

35Sjølv om du gav dei

eit eige rike

og alle dine gode gåver,

sjølv om du gav dei

det vide, fruktbare landet,

så tente dei deg ikkje

og vende seg ikkje bort

frå vonde gjerningar.

36Sjå, i dag er vi slavar,

vi er slavar i landet du gav fedrane våre

så dei skulle eta fruktene

og alt det gode der.

37Den rike avlinga

går no til kongane

som du har sett over oss

på grunn av syndene våre.

Dei herskar som dei vil

over kroppane våre og buskapen vår.

Vi er i stor naud.

Folket vil leva etter lova

38På grunn av alt dette gjer vi ein avtale og skriv han ned. Det forsegla skrivet er underskrive av leiarane, levittane og prestane våre.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help