1 I det tjuesjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asarja, son til Amasja, konge i Juda.
2Han var seksten år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtito år. Mor hans heitte Jekolja og var frå Jerusalem.
3Sjallum, son til Jabesj, vart konge i det trettiniande året Ussia var konge i Juda. Han styrte i Samaria ein månads tid.
14Då drog Menahem, son til Gadi, opp frå Tirsa og kom til Samaria. Der slo han i hel Sjallum, son til Jabesj, og vart konge i hans stad.
15Det som elles er å seia om Sjallum og samansverjinga han fekk i stand, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
16 Så øydela Menahem Tappuah og alt som var i byen, og områda ikring heilt til Tirsa. Fordi folket ikkje hadde opna porten for han, herja han byen og skar opp alle kvinner som var med barn.
17Det var i det trettiniande styringsåret til Juda-kongen Asarja at Menahem, son til Gadi, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i ti år.
18Menahem gjorde det som vondt var i Herrens auge. Så lenge han levde, heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
19 Assyrarkongen Pul gjekk til åtak på landet. Då gav Menahem han tusen talentar sølv for at han skulle støtta han og tryggja kongsmakta hans.
20Sølvet til assyrarkongen kravde Menahem inn frå alle velståande israelittar, femti sjekel frå kvar. Då trekte assyrarkongen seg tilbake; han vart ikkje ståande i landet.
21Det som elles er å seia om Menahem og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
22Menahem gjekk til kvile hos fedrane sine, og Pekahja, son hans, vart konge etter han.
23I det femtiande året Asarja var konge i Juda, vart Pekahja, son til Menahem, konge i Israel. Han styrte i Samaria i to år.
24Pekahja gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
25Våpenberaren hans, Pekah, son til Remalja, fekk i stand ei samansverjing mot Pekahja. Han hogg ned både han og Argob og Arje i Samaria, inne i borga i slottet til kongen. Pekah hadde med seg femti mann frå Gilead. Då han hadde drepe Pekahja, vart han konge i hans stad.
26Det som elles er å seia om Pekahja og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
27Det var i det femtiandre styringsåret til Juda-kongen Asarja at Pekah, son til Remalja, vart konge i Israel. Han styrte i Samaria i tjue år.
28Pekah gjorde det som vondt var i Herrens auge, og heldt ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera.
29 På den tid Pekah var konge i Israel, kom Tiglat-Pileser, kongen av Assur, og tok Ijjon, Abel-Bet-Maaka, Janoah, Kedesj, Hasor, Gilead og Galilea, heile Naftali-landet. Og han førte folket bort til Assur.
30Då fekk Hosea, son til Ela, i stand ei samansverjing mot Pekah, son til Remalja. Hosea slo han i hel og vart konge i hans stad. Dette var i det tjuande året etter at Jotam, son til Ussia, vart konge.
31Det som elles er å seia om Pekah og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.
Kong Jotam i Juda32 2 Krøn 27,1ff I det andre året Pekah, son til Remalja, var konge i Israel, vart Jotam, son til Ussia, konge i Juda.
33Han var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Mor hans heitte Jerusja og var dotter til Sadok.
34Jotam gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt som Ussia, far hans, hadde gjort.
35Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Folket heldt fram med å ofra og tenna offereld på haugane. Det var Jotam som bygde Øvreporten i Herrens hus.
36Det som elles er å seia om Jotam og alt han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.
37 16,5; Jes 7,1 På den tid byrja Herren å la aramearkongen Resin og Pekah, son til Remalja, gå mot Juda.
38Så gjekk Jotam til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd mellom dei i Davidsbyen. Ahas, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.