1 Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime.
2Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.
3Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han.
4Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.
5Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
6No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet:
7Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme –
11«så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
12Då han gjekk vidare, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
15 Sidan var Jesus gjest i huset hans, og mange tollarar og syndarar var til bords saman med Jesus og læresveinane hans, for det var mange som følgde han.
16Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?»
17Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?»
19«Kan vel bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Så lenge dei har brudgomen hos seg, kan dei ikkje fasta.
20Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når den dagen kjem, då skal dei fasta.
21Ingen syr ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta blir verre.
22Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!»
Jesus og sabbaten(Matt 12,1–14; Luk 6,1–11)23 Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.»
275 Mos 5,14Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten.
28Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.