1Då svara Herren Job ut av stormen og sa:
2Kven er dette som formørkjer min plan
med uforstandige ord?
3 Spenn beltet om livet som ein mann,
så vil eg spørja deg, og du skal svara:
4 medan alle morgonstjerner jubla
og alle gudesøner ropa av fryd?
8Kven stengde for havet med portar
då det fossa fram frå morslivet,
9då eg kledde havet med skyer
og sveipte det i skodde,
10 så han kan ta tak i endane av jorda
og rista dei lovlause bort?
14Då blir jorda omforma som leire under eit stempel,
alt står fram som i ny drakt.
15 Har dødens portar synt seg for deg,
har du sett dødsskuggens dører?
18Forstår du viddene på jorda?
Sei frå om du kjenner alt dette.
19Kvar går vegen til bustaden for lyset,
og kvar held mørkret til?
20 Fører du stjernebileta fram i rett tid,
leier du Store bjørn og dei små bjørnane?
33Kjenner du himmelens lover?
Styrer du stjernehimmelens makt over jorda?
34Kan du lyfta røysta di til skyene
slik at vatnet fløymer ned over deg?
35Kan du senda ut lyn så dei fer av stad
og seier til deg: «Her er vi»?
36 Kven gjev visdom til ibisfuglen
og forstand til hanen?
37Kven er så vis at han kan telja skyene?
Kven heller vatn or himmelkrukkene
38når molda storknar som malm
og jordklumpane klistrar seg saman?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.