1 Herrens ord kom til meg:
2For dei har ført folket mitt vill og sagt: Fred! Men det er ingen fred. Det er som når nokon byggjer ein vegg og stryk kalk på han.
11Matt 7,27Sei til dei som kalkar: Veggen ramlar! Regnet fløymer. Eg får haglstein til å falla og stormvind til å bryta laus.
12Så fell veggen. Vil dei ikkje då seia til dykk: «Kvar vart det av kalken som de strauk på?»
13Difor seier Herren Gud: I min harme lèt eg ein stormvind bryta laus, i min vreide sender eg regn og hagl som øydelegg alt.
14Eg riv ned veggen som de strauk kalk på, eg jamnar han med jorda så grunnvollen ligg berr. Når byen fell, skal de omkoma midt i han. Då skal de kjenna at eg er Herren.
15Eg auser all min harme på veggen og over dei som strauk kalk på han. Då skal eg seia til dykk: «Borte er veggen, og borte er dei som kalka han,
16profetane i Israel som spådde om Jerusalem og såg syn om fred for byen, endå det ikkje var nokon fred», seier Herren Gud.
17Du menneske, vend deg mot døtrene i folket ditt som profeterer ut frå sitt eige hjarte. Tal profetord mot dei
18og sei: Så seier Herren Gud: Ve dei som syr band til alle handledd og lagar tørkle til hovuda, alt etter kor store dei er, for å fanga menneskesjeler! De fangar sjelene til folket mitt for å halda dykkar eigne sjeler i live.
19Mi 2,11De vanhelgar meg hos folket mitt for nokre nevar bygg og nokre brødskalkar når de tek livet av menneske som ikkje skulle døy, og bergar livet til andre som ikkje skulle leva. Slik lyg de for folket mitt, som gjerne høyrer på løgn.
20Difor seier Herren Gud: Sjå, dei banda som de fangar sjeler med, liksom ein fangar fuglar, riv eg av armane dykkar. Og dei sjelene de fangar, slepper eg fri som fuglar.
21Så riv eg sund tørkleda dykkar og bergar folket mitt ut av hendene på dykk. Dei skal aldri meir bli eit bytte i dykkar hand. Då skal de kjenna at eg er Herren.
22 Jer 23,14 Med løgn tek de motet frå den rettferdige, sjølv om ikkje eg ville gjera han noko vondt. Og den urettferdige gjev de styrke, så han ikkje vender om frå sin vonde veg og får leva.
23Difor skal de ikkje lenger ha tomme syn og ikkje driva med spådom. Eg vil berga folket mitt ut av hendene på dykk. Då skal de kjenna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.