1 Trua er eit pant på det vi vonar, eit prov på det vi ikkje ser.
2For trua si fekk dei gamle godt vitnemål.
3I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Og bøygd over toppen på staven sin lovprisa han og tilbad.
22I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over tørt land, men då egyptarane freista det same, drukna dei.
30 Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.
33Dom 14,5f; 1 Sam 17,34ff; Dan 6,23Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, lukka gapet på løver,
34Dan 3,23ffsløkte veldig eld, slapp unna bitande sverd, gjekk frå vanmakt til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.
351 Kong 17,17ff; 2 Kong 4,17ffKvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode.
36Jer 20,2; 37,15ffAndre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel.
372 Krøn 24,20fNokre vart steina, saga i to eller drepne med sverd. Andre måtte gå omkring i saueskinn og geiteskinn, i naud, forfølgde og mishandla.
38Verda var dei ikkje verdig, og dei måtte flakka omkring i øydemarker og fjell og halda til i grotter og hòler.
39 11,2.13 Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova.
40Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.