Amos 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Mot dei rike kvinnene i Samaria

1 Høyr dette ordet,

de Basan-kyr på Samaria-fjellet,

de som undertrykkjer småkårsfolk

og knuser fattige,

de som seier til mennene dykkar:

«Hent noko å drikka!»

2Herren Gud har svore ved sin heilagdom:

Sjå, dagar skal koma over dykk

då de skal slepast bort med hakar

og dei siste av dykk med fiskekrokar.

3Gjennom rivner i murane skal de gå ut,

kvinne etter kvinne.

De skal drivast bort til Hermon,

seier Herren.

Bu deg på å møta din Gud

4 Far til Betel og synd,

til Gilgal og synd til gagns!

Kom med slaktoffer om morgonen

og tiend den tredje dagen!

5 Eg slo dykk med kornsot og svartrust.

Grashopper åt opp

dei mange hagane og vinmarkene dykkar,

fikentrea og oliventrea.

Men de vende ikkje om til meg,

seier Herren.

10 2 Mos 9,3ff Eg sende pest mot dykk som eg gjorde mot Egypt.

Eg drap dei unge mennene med sverd.

Hestane gav eg til hærfang.

Eg lét stanken frå dykkar eigen leir

stiga opp i nasen på dykk.

Men de vende ikkje om til meg,

seier Herren.

11 1 Mos 19,24f Eg øydela dykk

slik Gud la Sodoma og Gomorra øyde.

De var som ei utbrend vedskie, raka ut av elden.

Men de vende ikkje om til meg,

seier Herren.

12 2,13ff; 3,11f; 4,2f Difor vil eg gjera slik mot deg, Israel!

Og fordi eg vil gjera dette med deg,

må du bu deg på å møta din Gud, Israel!

13 5,8 For sjå, han som formar fjella og skaper vinden,

han som fortel mennesket kva det tenkjer,

han som skaper morgonròde og mørker

og fer fram over høgdene på jorda,

Herren, allhærs Gud, er namnet hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help