Apostelgjerningane 12 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Ny forfølging

1 På den tid la kong Herodes hand på nokre i forsamlinga og mishandla dei.

2Han lét Jakob, bror til Johannes, bli avretta med sverd.

3Og då han såg at jødane lika dette, heldt han fram og lét gripa Peter òg. Det var i høgtida med usyra brød.

4Han kasta Peter i fengsel, og fire vaktskift, kvart på fire mann, skulle halda vakt over han. Så ville han føra han fram for folket etter påske.

5Peter vart no halden i fengselet. Men forsamlinga bad inderleg til Gud for han.

6 Så snart Peter vart klar over det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes med tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.

13Han banka på porten, og ei tenestejente som heitte Rode, kom for å lata opp.

14Ho kjende Peter att på røysta og vart så glad at ho gløymde å opna porten, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.

15«Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. Då sa dei: «Det er engelen hans.»

16Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.

17Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengselet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette.» Dermed gjekk han ut og drog til ein annan stad.

18Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kva hadde hendt med Peter?

19Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Deretter fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.

Herodes døyr

20 1 Kong 5,9.11; Esek 27,17 Det hadde lenge vore fiendskap mellom Herodes og innbyggjarane i Tyros og Sidon. No vart folket der samde om å venda seg til han. Då dei hadde fått Blastos, kammerherren hos kongen, på si side, bad dei om fred, for landet deira var avhengig av forsyningar frå landområdet til kongen.

21På den fastsette dagen kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på kongetribunen og tala til folket.

22Esek 28,2Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!»

23Dan 5,20Med det same vart han slegen av ein engel frå Herren, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.

24 6,7+ Men Guds ord breidde seg ut og hadde framgang.

2511,29fDå Barnabas og Saulus hadde fullført tenesta i Jerusalem, drog dei tilbake. Og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help