1 Lat opp dørene, Libanon,
så eld kan øyda dine sedertre!
2Klag, du sypress!
For sederen er fallen,
dei veldige trea øydelagde.
Klag, de eiketre i Basan!
For den tette skogen er felt.
3 Så gjette eg slaktesauene for sauehandlarane.
Eg tok meg to stavar.
Den eine kalla eg Godvilje,
den andre kalla eg Semje,
og eg gjette sauene. –
8Eg rydda av vegen dei tre gjetarane på ein månad.
Eg mista tolmodet med sauene,
og dei vart trøytte av meg òg.
9Eg sa: «Eg vil ikkje gjeta dykk.
Dei som held på å døy, får døy.
Dei som går til grunne, får gå til grunne.
Dei som er att, får eta kjøtet av kvarandre.»
10 Men Herren sa til meg: «Kast dei inn i skattkammeret, den kostelege summen eg er verd for dei.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, i skattkammeret.
14Så knekte eg av den andre staven, Semje, for å bryta brorskapen mellom Juda og Israel.
15 Herren sa til meg: «Utstyr deg no som ein duglaus gjetar!
16Esek 34,2ff; Mi 3,3For sjå, eg reiser opp ein gjetar i landet.
Han leitar ikkje etter dei tapte,
søkjer ikkje opp dei spreidde,
lækjer ikkje dei skadde,
fôrar ikkje dei friske,
men et kjøtet av dei beste dyra
og kløyver til og med klauvene på dei.»
17Ve den dårlege gjetaren min
som forlèt flokken!
Sverd mot hans arm,
mot hans høgre auge!
Armen skal visna,
høgre auge blindast.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.