2. Samuelsbok 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Drapet på Isjbosjet

1Då son til Saul fekk høyra at Abner hadde mista livet i Hebron, mista han motet, og heile Israel vart gripne av redsle.

2Folket i Beerot hadde flykta til Gittajim, og der har dei budd som innflyttarar til denne dag.

4 Jonatan, son til Saul, hadde ein son som hadde ein skade i føtene. Han var fem år gammal då ulukkemeldinga om Saul og Jonatan kom frå Jisreel. Fostermora tok han med seg og flykta i all hast, men under flukta fall han ned og vart halt. Han heitte Mefibosjet.

5Då tok dei ut, Rekab og Baana, sønene til Rimmon frå Beerot. Dei kom til huset til Isjbosjet medan dagen var på det heitaste og han låg og kvilte middag.

6Kvinna som vakta døra, hadde sete og sikta kveite. Men ho hadde sovna, så Rekab og Baana, bror hans, slapp usedde forbi.

7Dei kom inn i huset der Isjbosjet låg på senga i soverommet sitt, og dei slo han i hel og hogg hovudet av han. Dei tok hovudet med seg, og så gjekk dei heile natta over Araba-sletta.

8Dei kom med hovudet hans til David i Hebron og sa til kongen: «Sjå, her er hovudet av Isjbosjet, son til Saul, fienden din, som stod deg etter livet. I dag har Herren gjeve deg hemn over Saul og slekta hans, herre konge.»

9Men David svara Rekab og Baana, bror hans, sønene til Rimmon frå Beerot: «Så sant Herren lever, han som har fria meg ut or all naud:

101,5ffDen mannen som kom til meg og melde at Saul var død, meinte sjølv at han kom med eit gledebod. Men eg greip han og drap han i Siklag. Det var løna eg gav han for gledebodet!

11Kva no, når lovlause har drepe ein uskuldig mann i hans eige hus og hans eiga seng? Skulle eg ikkje då krevja hans blod av dykkar hand og rydda dykk ut frå jorda?»

125 Mos 21,22fSå gav David nokre unge menn ordre om å drepa Rimmon-sønene. Dei hogg hendene og føtene av dei og hengde dei opp ved Hebron-dammen. Men hovudet av Isjbosjet tok dei og gravla i Abners grav i Hebron.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help