Matteus 6 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Gåver til dei fattige

1 Når du gjev ei gåve til dei fattige, så blås ikkje i basun for deg sjølv, slik som hyklarane gjer i synagogane og på gatene for at folk skal rosa dei. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

3Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer.

4Gjev gåva di i løynd. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

Bøn

5 Slik skal de be:

Vår Far i himmelen!

Lat namnet ditt helgast.

10 Og lat oss ikkje koma i freisting,

men frels oss frå det vonde.

°For riket er ditt og makta og æra i all æve.

Amen.•

14 Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn.

17Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet,

18så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

Eit heilt hjarte(Luk 12,33–34; 11,34–36; 16,13)

19 Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys.

23Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!

24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.

Ver ikkje urolege for morgondagen(Luk 12,22–31)

25 Fil 4,6; 1 Pet 5,7 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda?

2610,29ffSjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

27Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?

28Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje,

291 Kong 10men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

30Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande!

31Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’

32For alt dette er heidningane opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette.

331 Kong 3,11ff; Sal 37,25; Matt 19,29; Luk 10,42; Kol 3,1fSøk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.

34Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help