1 Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Lat ditt andlet lysa over din tenar,
frels meg i di miskunn!
18 6,11+ Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
for eg ropar til deg.
Lat dei urettferdige stå med skam
og gå stille til dødsriket!
19Lat lygande lepper tagna,
dei som talar frekt mot den rettferdige
med hovmod og forakt.
20 36,8; 57,2 Kor stor di miskunn er,
som du har spart til dei som fryktar deg!
Rett framfor menneske har du vist di miskunn
mot dei som søkjer tilflukt hos deg.
21 27,5 Hos deg finn dei vern
mot overgrep frå menneske.
Du gøymer dei i di hytte
for tunger som kjem med klagemål.
22Velsigna er Herren som gjer under!
Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
23 Jes 38,11; Jona 2,5 Eg sa i min angst:
«Eg er støytt bort frå dine auge.»
Men du høyrde mi bøn
då eg ropa til deg.
24 18,28 Elsk Herren, alle hans trugne!
Herren vernar dei trufaste,
men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
25 27,14 Ver modige og sterke,
alle de som ventar på Herren!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.