1. Samuelsbok 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

David og Jonatan

1David flykta frå Nevajot ved Rama. Han kom til Jonatan og sa: «Kva har eg gjort? Kva vondt og gale har eg gjort mot far din sidan han vil ta livet av meg?»

2Jonatan svara: «Langt ifrå! Du skal ikkje døy! Far min gjer då aldri noko, stort eller smått, utan at han lèt meg få vita det. Kvifor skulle han då løyna dette for meg? Slik er det ikkje.»

3Men David svara med ein eid: «Far din veit godt at du ser på meg med velvilje. Difor tenkjer han: Dette må ikkje Jonatan få vita, det ville gjera han vondt. Men så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Det er berre eit steg mellom meg og døden.»

4Då sa Jonatan til David: «Alt det du ønskjer, vil eg gjera for deg.»

5Men i overmorgon skal du gå ned til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og halda deg nær Etsel-steinen.

20Så skal eg skyta tre piler mot den eine sida av han, som om eg skaut mot eit mål,

21og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg då til guten: Pilene ligg på denne sida av deg, hent dei! – så kan du koma fram. Då kan du vera trygg; så sant Herren lever, det er ingen fare.

22Men seier eg til ungguten: Pilene ligg bortanfor deg, – så dra din veg! For då sender Herren deg bort.

23Den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, den skal Herren vera eit vitne på for alltid.»

24Så gøymde David seg ute på marka.

Saul blir sint på Jonatan

Nymånedagen kom, og kongen sette seg til bords og skulle eta.

25Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg rett imot han, og Abner sat ved sida av Saul. Men plassen til David stod tom.

26Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han noko så han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.»

27Men då plassen til David stod tom også andre dagen, dagen etter nymåne, då sa Saul til Jonatan, son sin: «Kvifor er ikkje Isai-sonen komen til måltidet korkje i går eller i dag?»

28Jonatan svara: «David bad meg inntrengjande om lov til å dra til Betlehem.

29Kjære, lat meg få fara, sa han, for slekta vår held offerfest der i byen, og bror min har bede meg koma. Om du ser på meg med velvilje, så lat meg få fara heim og helsa på slektningane mine! – Difor er han ikkje komen til kongens bord.»

30Då vart Saul rasande på Jonatan og sa til han: «Du son til ei dårleg og trassig kvinne! Var det ikkje det eg visste at du har valt deg ut denne Isai-sonen til skam for deg sjølv og til skam for nakenskapen til mor di!

31Så lenge Isai-sonen lever på jorda, står korkje du eller kongedømet ditt trygt. Send bod og hent han hit til meg, for han skal døy!»

32«Kvifor skal han døy?» spurde Jonatan. «Kva gale har han gjort?»

3318,11Men Saul lyfte spydet og ville renna det gjennom han. Då skjøna Jonatan at far hans ville drepa David.

34Han reiste seg frå bordet i brennande harme og smaka ikkje mat den andre nymånedagen. Så vondt hadde Jonatan av David, for far hans hadde audmjuka han.

David skil lag med Jonatan

35Morgonen etter gjekk Jonatan ut på marka til den tid han hadde avtala med David, og han hadde ein liten gut med seg.

36Han sa til guten: «Spring og finn pilene som eg skyt!» Medan guten sprang av stad, skaut han pila forbi han.

37Og då guten kom til staden der ho låg, den pila Jonatan hadde skote, ropa Jonatan etter han: «Ligg ikkje pila bortanfor deg?»

38Og så ropa han: «Skund deg, ver snar, stå ikkje der!» Guten tok opp pila og kom til herren sin.

39Han skjøna ingen ting. Det var berre Jonatan og David som visste kva dette gjaldt.

40Så gav Jonatan våpna sine til guten som var med han, og sa til han: «Gå inn til byen med dette!»

41Då guten hadde gått, kom David fram frå sørsida av steinen. Han kasta seg til jorda; tre gonger bøygde han seg. Så kyste dei kvarandre og gret, dei to. David storgret.

42Og Jonatan sa til David: «Gå bort i fred! For vi to har svore kvarandre i Herrens namn at Herren for alltid skal vera vitne om lovnaden mellom meg og deg og mellom mi slekt og di slekt.»

43Så braut David opp og gjekk sin veg, og Jonatan gjekk tilbake til byen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help