Lukas 24 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jesus står opp(Matt 28,1–10; Mark 16,1–11; Joh 20,1–10)

1Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand.

2Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava.

3Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp.

4‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’»

8Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem,

14og dei snakka om alt det som hadde hendt.

15Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei.

16Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att.

17«Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg.

18Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.»

19Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende,

22og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava

23og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever.

24Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»

25Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt!

26Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?»

27Og medan han sat til bords med dei, tok han brødet, bad takkebøna, braut det og gav dei.

31Då vart auga deira opna, og dei kjende han att. Men han vart usynleg for dei.

32Dei sa til kvarandre: «Brann ikkje hjartet i oss då han tala til oss på vegen og opna skriftene for oss?»

33Og dei tok ut med ein gong og gjekk tilbake til Jerusalem. Der fann dei alle elleve og venene deira samla,

34og desse sa: «Herren er sanneleg stått opp og har synt seg for Simon.»

35Då fortalde dei to om det som hadde hendt på vegen, og korleis dei hadde kjent han att då han braut brødet.

Jesus syner seg for læresveinane(Matt 28,9–10; Mark 16,14; Joh 20,19–20)

36Medan dei snakka om dette, stod Jesus sjølv midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

37°Så viste han dei hendene og føtene sine.

41Dei gav han eit stykke steikt fisk,

43og han tok det og åt medan dei såg på.

Oppdrag og avskil(Matt 28,16–20; Mark 16,15–19; Joh 20,21–23)

44 Så sa han til dei: «Dette var det eg tala til dykk om medan eg endå var saman med dykk, at det måtte oppfyllast, alt det som står skrive om meg i Moselova, hos profetane og i Salmane.»

45Så opna han forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene,

46og han sa til dei: «Slik står det skrive: Messias skal lida og stå opp frå dei døde tredje dagen,

47Så førte han dei ut mot Betania, og han lyfte hendene og velsigna dei.

51Apg 1,9Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen.

52Joh 14,28; 16,22; Apg 1,12Då fall dei på kne og tilbad han. Så gjekk dei tilbake til Jerusalem i stor glede.

53Sidan var dei stadig i tempelet og lova og prisa Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map