2. Korintar 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Skatten i leirkrukker

1Når vi ved Guds miskunn har fått denne tenesta, mistar vi ikkje motet.

2For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete.

51 Kor 4,9ff; 2 Kor 6,4ff; 11,23ff; 2 Tim 3,10fAlltid er vi utsette, men ikkje kringsette, rådville, men ikkje rådlause,

9forfølgde, men ikkje forlatne, nedslegne, men ikkje ihelslegne.

10Alltid ber vi Jesu død med oss i vår eigen kropp, så òg Jesu liv skal bli synleg i kroppen vår.

11Rom 8,36; 1 Kor 4,9; 15,31For enno medan vi lever, blir vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal bli synleg i vår dødelege kropp.

12Slik er døden verksam i oss, men livet i dykk.

13Sal 116,10Vi har den same Anden som gjev tru, som det står skrive om: Eg trudde, difor tala eg. Vi òg trur, og difor talar vi.

14Apg 2,24+; Rom 8,11; 1 Kor 6,14For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram saman med dykk.

151,6.11Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal bli stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.

Tru og håp

16 Ef 3,16 Difor mistar vi ikkje motet. Om vårt ytre menneske går til grunne, så blir det indre fornya dag for dag.

17Matt 5,12; Rom 8,18Dei trengslene vi no må bera, er lette, og dei skaper for oss ein evig herlegdom som veg uendeleg mykje meir.

18Rom 8,24f; Hebr 11,1.3Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help