1 Boas gjekk opp til byporten og sette seg der. Nett då kom løysingsmannen som Boas hadde snakka om, forbi. Boas kalla han ved namn og sa: «Kom og set deg her!» Så gjekk han dit og sette seg.
2Boas såg seg ut ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg.
3Så sa han til løysingsmannen: «Noomi, ho som er komen tilbake frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, eigde.
4Eg tenkte eg ville gjera deg kjend med dette og seia: Kjøp det i påsyn av dei som sit her, i påsyn av dei eldste i folket mitt! Vil du løysa det inn, så løys det inn. Men vil du ikkje, så sei det til meg, så eg veit det. For det er ingen ved sida av deg til å løysa det inn, men eg har retten nest etter deg.» Han svara: «Eg vil løysa det inn.»
5Måtte etterkomarane Herren gjev deg med denne unge kvinna, gje deg ei ætt som ætta til Peres, han som Tamar fødde til Juda!»
Rut blir stammor til David13
som lét deg få ein løysingsmann i dag!
Namnet hans skal bli stort i Israel.
15Han skal gje deg nytt livsmot
og sørgja for deg i alderdomen din.
For svigerdotter di, som held slik av deg, har fødd denne sonen.
Ho er meir for deg enn sju søner.»
16Så tok Noomi guten og la han på fanget sitt. Ho vart fostermor hans.
17Nabokonene gav han namn og sa: «Noomi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David.
18 1 Krøn 2,5–15; Matt 1,3–5; Luk 3,31–33 Dette er etterkomarane av Peres: Peres fekk sonen Hesron,
19Hesron fekk sonen Ram, og Ram fekk sonen Amminadab,
20Amminadab fekk sonen Nahsjon, og Nahsjon fekk sonen Salma,
21Salma fekk sonen Boas, og Boas fekk sonen Obed,
22Obed fekk sonen Isai, og Isai fekk sonen David.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.