Rut 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Rut og Noomi

1 I dei dagane då dommarane styrte, vart det ein gong hungersnaud i landet. Då fór ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og dei to sønene sine for å slå seg ned i slettelandet Moab.

2Mannen heitte Elimelek, kona Noomi og dei to sønene Mahlon og Kiljon. Dei var av Efrat-slekta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og vart verande der.

3Så døydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sønene sine.

4Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti år.

5Så døydde òg dei to sønene, Mahlon og Kiljon, og Noomi sat att åleine, utan søner og utan mann.

6Då tok ho ut saman med svigerdøtrene sine for å venda heim frå slettelandet i Moab. For ho hadde høyrt i Moab at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød.

7Ho gav seg i veg vekk frå staden der ho hadde budd. Begge svigerdøtrene følgde henne.

Dei gav seg i veg for å venda attende til Juda.

8Men Noomi sa: «Vend attende, døtrene mine! Kvifor vil de følgja med meg? Skulle eg enno føda søner de kan få til menn?

12Vend attende, døtrene mine, gå no! Eg er for gammal til å gifta meg att. Og sjølv om eg tenkte at eg enno har von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner,

13skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Det er mykje bitrare for meg enn for dykk, for det er meg Herrens hand har råka.»

14Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste svigermor si til avskil. Men Rut klyngja seg til henne.

15Då sa Noomi: «Sjå, no vender svigerinna di attende til folket sitt og guden sin. Vend attende, du òg. Følg henne!»

16Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje Noomi! Kall meg heller Mara! For Den veldige har gjort livet beiskt for meg.

21Rik drog eg bort, fattig har Herren late meg venda attende. Kvifor kallar de meg Noomi når Herren har vitna mot meg, og når Den veldige har late det gå meg så ille?»

22 Så kom då Noomi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende attende frå slettelandet i Moab. Dei kom til Betlehem då bygghausten byrja.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help