1 Ve Ariel, Ariel,
byen som David kringsette!
Legg år til år,
lat høgtider koma og gå!
2Eg gjer det trongt for Ariel,
det skal bli sorg og sut,
då skal byen bli eit Ariel for meg.
3 dei som med sitt ord dømde folk skuldige,
la snarer for den som hevda retten i byporten,
og med tomme ord dreiv rettferdige bort.
22Difor, så seier Herren til Jakobs hus,
han som fria ut Abraham:
No skal ikkje Jakob bli til skamme,
no skal ikkje andletet hans bleikna meir.
23 8,13 For når han og borna hans ser
det mine hender har gjort iblant dei,
då skal dei helga mitt namn,
dei skal helga han som er Jakobs Heilage,
og skjelva for Israels Gud.
24Dei som går seg vill i ånda,
skal få innsikt,
og dei som murrar,
skal få lærdom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.