Johannes 20 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Den oppstadne(Kap. 20–21)Den tomme grava(Matt 28,1–10; Mark 16,1–8; Luk 24,1–12)

1Tidleg om morgonen første dagen i veka, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava. Då får ho sjå at steinen er teken bort frå grava.

2Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»

18Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.

Jesus syner seg for læresveinane(Matt 28,16–20; Mark 16,15–16; Luk 24,36–49)

19 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!

23Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.»

27Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!»

28«Min Herre og min Gud!» sa Tomas.

291 Pet 1,8Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»

30 2,11; 4,54; 21,25 Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka.

31Joh 3,15; 6,40; 1 Joh 5,13Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help