Salmane 60 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam, til lærdom. Av David,

2då han låg i strid med aramearriket mellom elvane og aramearriket i Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.

3

7 Gud har tala i sin heilagdom:

«Med jubel vil eg dela ut Sikem,

Sukkot-dalen vil eg måla opp.

9 1 Mos 49,10 Mitt er Gilead og mitt er Manasse,

Efraim er hjelmen på mitt hovud,

Juda er min styrarstav.

10Men Moab er mitt vaskefat,

på Edom kastar eg sandalen.

Hyll meg, Filistarland!»

11Kven fører meg til festningsbyen,

kven leier meg til Edom?

12 44,10 Det er du, Gud, du som støytte oss bort

og ikkje drog ut med våre hærar.

13 146,3ff Støtt oss mot fienden!

Hjelp frå menneske er ingenting verd.

14 Sal 18,30+ I Gud skal vi gjera storverk.

Han skal trakka ned våre fiendar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help