1 Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, sende David ut Joab med mennene sine, heile Israels-hæren. Dei herja mellom ammonittane og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.
2Ein gong ved kveldstid hende det at David stod opp frå senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Frå taket fekk han sjå ei kvinne som bada. Kvinna var svært vakker.
3David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk til svar: «Det er Batseba, dotter av Eliam og kona til hetitten Uria.»
4Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inntil muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, mista livet, han òg.»
22Bodberaren tok ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.
23Han sa til David: «Fienden fekk overtaket og tok ut mot oss på open mark. Men vi dreiv dei tilbake til byporten.
24Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av kongsmennene fall. Hetitten Uria, tenaren din, er òg død.»
252,26Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han skal ikkje la dette gå inn på seg. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal halda fram med å kjempa mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot.»
26Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho sørgjehøgtid over han.
27Men då sørgjetida var over, sende David bod og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og ho fødde han ein son. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens auge.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.