1 Nokre år seinare drog han ned til Ahab i Samaria. Ahab slakta ei stor mengd med småfe og storfe for han og dei mennene han hadde med seg, og overtala han til å dra opp mot Ramot i Gilead.
3Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod på høgre og venstre sida hans.
19Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab, Israels-kongen, så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.
20Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren.
21Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»
22Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.
23 Joh 18,22; Apg 23,2 Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»
24Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»
25Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj
2616,10og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»
27Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»
Ahab fell28 1 Kong 22,29–40 Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.
29Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut, og dei drog ut i krigen.
30Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»
31Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så omringa dei han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt, og Herren hjelpte han. Gud lokka dei bort frå han.
32Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.
33 35,23 Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»
34Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt Israels-kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane til kvelden kom. Men då sola gjekk ned, døydde han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.