Esekiel 8 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Avgudsdyrking ved tempelet

1 Det var i det sjette året, på den femte dagen i den sjette månaden, medan eg sat heime og dei eldste i Juda sat framfor meg. Då kom Herren Guds hand over meg der.

2Eg såg, og sjå! – ein som likna ein mann å sjå til. Frå det som såg ut som hoftene og nedover, var det eld, og frå hoftene og oppover såg det ut som ein stråleglans, som skinande metall.

3Han rette ut noko med form som ei hand og tok tak i hårluggen min. I syn frå Gud lyfte ånda meg opp mellom jord og himmel og tok meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit bilete som gjorde Gud brennande sjalu.

4Og sjå, der var herlegdomen til Israels Gud, som i synet eg hadde sett i dalen.

5Han sa til meg: «Menneske, lyft auga mot nord!» Eg lyfte auga mot nord, og sjå! – ved inngangen, nord for altarporten, stod dette biletet som gjorde Gud sjalu.

6Han sa til meg: «Menneske, ser du alt det avskyelege israelittane held på med her? Det driv meg langt bort frå min heilagdom. Men du skal få sjå noko som er endå meir avskyeleg.»

7Så tok han meg med til porten som fører inn til føregarden i tempelet. Og sjå! – eit hol i veggen.

8Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Eg braut meg gjennom veggen, og sjå! – ei dør.

9Og han sa til meg: «Gå inn og sjå alt det vonde og avskyelege som dei driv med der.»

10Så tok han meg med bort til den porten som fører inn i Herrens hus på nordsida. Og sjå, der sat kvinnene og gret over Tammus.

15Då sa han til meg: «Har du sett det, menneske? Men du skal få sjå noko som er meir avskyeleg enn dette.»

16Så førte han meg til den indre føregarden i Herrens hus. Og der, attmed inngangen til Herrens tempel, mellom forhallen og altaret, stod om lag tjuefem mann med ryggen mot Herrens tempel og andletet vendt mot aust. Dei bøygde seg mot aust og tilbad sola.

17Då sa han til meg: «Har du sett det, menneske? Er det ikkje nok at Judas hus driv med alt det avskyelege som dei gjer her? For dei fyller landet med vald, og slik gjer dei meg rasande. Sjå korleis dei held vinranka opp framfor nasen.

18Ordt 1,28; Jes 1,15; 59,2Så vil eg òg gripa inn i vreide. Eg viser inga medkjensle, eg sparer dei ikkje. Om dei ropar aldri så høgt i øyret på meg, høyrer eg ikkje på dei.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help