2. Kongebok 4 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Enkja og oljekrukka

1Ei kvinne som var enkje etter ein av profetlæresveinane, ropa ein gong til Elisja: «Tenaren din, som var mannen min, er død. Og du veit at tenaren din frykta Herren. Men no kjem ein som han skulda pengar, og vil ta begge sønene mine til slavar.»

2Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som blir att.»

Kvinna frå Sjunem og sonen hennar

8 Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som inntrengjande bad han om å eta hos seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór forbi.

9Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.

10Lat oss laga eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein lysestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»

11Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.

12Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Rop på denne Sjunem-kvinna!» Tenaren ropa på henne, og ho kom bort til han.

13Elisja sa til han: «Sei til henne: Høyr, du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan vi gjera for deg? Kan vi leggja inn eit godt ord for deg hos kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.»

14«Kva kan eg då gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gammal.»

15Då sa Elisja: «Rop på henne!» Han ropa på henne, og ho kom og vart ståande i døropninga.

16Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!»

24Så sala ho eselet og sa til tenesteguten: «Driv det av garde, og stopp meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»

25 Ein dag kom det ein mann frå Baal-Sjalisja. Han hadde med seg brød til gudsmannen, tjue byggbrød som var baka av førstegrøda. Nyhausta korn hadde han òg i skreppa. Då sa Elisja: «Gjev det til folket så dei får eta.»

43Matt 14,17; 15,33; Joh 6,9Men tenaren hans sa: «Korleis kan eg setja fram dette for hundre mann?» «Gjev det til folket så dei får eta», tok Elisja opp att. «For så seier Herren: Dei skal eta og få meir enn nok.»

44Matt 14,20; 15,37; Joh 6,12fSå sette han det fram for dei. Dei åt, og det vart meir enn nok, som Herren hadde sagt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help