1Ve meg! Det er som når frukta er plukka
og vinhausten er over:
ikkje ei drue å eta,
ikkje ein fiken eg har lyst på.
2 Herrens vreide må eg bera
fordi eg har synda mot han,
inntil han fører mi sak
og skaffar meg rett.
Han skal føra meg ut i lyset,
og eg skal sjå hans rettferd.
10 Sal 42,4.11; Joel 2,17 Fienden min skal sjå det,
og skam skal dekkja
henne som sa til meg:
«Kvar er Herren din Gud?»
No blir ho trakka ned
som søle i gatene
medan auga mine ser på.
11 Jes 26,15 Ein dag skal murane dine byggjast opp,
den dagen skal grensene vidast ut.
12 Jes 19,18ff; Mi 4,1f Den dagen skal dei koma til deg
frå Assur og Egypt,
frå Egypt og Eufrat,
frå hav til hav og frå fjell til fjell.
13 3,4 Og jorda skal bli til øydemark,
det er dei som bur der si skuld.
Det er frukt av gjerningane deira.
14 5 Mos 33,28; Jer 50,19; Mi 5,3 Gjet ditt folk med staven din.
Sauene du eig,
ligg åleine i villmarka,
midt i det fruktbare landet.
Lat dei beita i Basan og Gilead
slik som i gamle dagar.
15Eg vil visa han underverk
som den gongen du drog ut frå Egypt.
16 Job 29,9 Folka skal sjå det og skamma seg,
endå så mektige dei er.
Dei skal leggja handa på munnen,
og øyra deira skal bli døve.
17 Sal 72,9; Jes 49,23 Dei skal slikka støv som ormen,
lik dei som kryp på jorda!
Frå sine skjul skal dei koma
skjelvande fram for Herren vår Gud.
Dei skal gripast av redsle og frykt for deg.
Kven er ein Gud som du?18 2 Mos 34,6f; Sal 103,3.8; Joel 2,13; Jona 4,2 Kven er ein Gud som du,
ein som tek bort skuld og tilgjev synd
for den resten han eig?
Han held ikkje evig fast på vreiden,
for han vil gjerne visa miskunn.
19Herren skal igjen
visa miskunn mot oss
og trø vår skuld under fot.
Du skal kasta alle syndene våre
ned i havsens djup.
20 1 Mos 12,2; Sal 89,3 Du vil visa truskap mot Jakob
og miskunn mot Abraham,
slik du med eid lova
fedrane våre i dei eldgamle dagane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.