Job 30 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Mi lyre er stemd for sørgjesong

1Men no ler dei av meg,

dei som er yngre av år,

med fedrar som eg nekta

plass blant gjetarhundane mine:

2«Kva nytte har eg av hendene deira?

Dei har mista si manndomskraft.

3Naud og svolt har gjort dei ufruktbare.

Dei går og gneg på tørre moar

som alt i går var aude og snaue.

4 Dei plukkar melde i krattet

og et røter av gyvelbusken.

5Dei blir drivne ut av leiren,

folk ropar etter dei som etter ein tjuv.

6I ville kløfter held dei til,

i jordhòler og grotter.

7Dei skrik som esel i krattet

og klyngjer seg saman mellom tistlar,

8born av dårar, av folk utan namn,

kjeppjaga ut av landet.»

9 Med stor kraft gjennomsøkjer han kleda mine,

hendene hans snører kjortelen om meg.

19Så kastar han meg i søla,

eg er som støv og oske.

20 19,7; Sal 22,3; Klag 3,8; Hab 1,2 Eg ropar til deg om hjelp, men du svarar ikkje.

Eg står der, og du berre ser på meg.

21Du har snudd om og vorte vond mot meg,

Med di veldige hand går du til åtak.

22Du set meg til å ri på stormen,

braket gjer meg skjelven.

23 Jos 23,14; 1 Kong 2,2 Eg veit du fører meg i døden,

til huset som samlar alt levande.

24Retter ikkje folk ut handa når alt sig i røys?

Ropar dei ikkje om hjelp når dei går under?

25 Sal 35,13f; Rom 12,15 Gret ikkje eg over dei som hadde tunge dagar?

Sørgde eg ikkje over dei fattige?

26 2,10; 3,9; Jer 8,15; Am 5,20 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom,

eg venta på lys, og det vart mørker.

27 3,25f Det koker i meg, ustanseleg.

Eg har møtt trengsles dagar.

28Eg går omkring i sorg, utan ein gløtt av sol.

Eg står fram i forsamlinga og ropar om hjelp.

29 Mi 1,8 Eg har vorte ein bror av sjakalar,

held lag med strutsar.

30 Klag 4,8 Huda er svart over heile meg,

og knoklane brenn av hete.

31 Klag 5,15 Mi lyre er stemd for sørgjesong,

og fløyta gjev lyd til gråt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help